TRIMBOKSESONGEN MOT SLUTTEN

Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Sep 2012

Det gjeld altså posten Bruna i Straumsdalen. Vår meldar rapporterer om gnallhard kamp om topplassen. Ein av aktørane har kosta på mseg nokre dagar i Syden, noko som sikkert var kjærkome, men som kan koste dyrt i denne samanhang. Sundag 23 september klokka 15.15 var stoda slik:


517 turar: Vigdis Fure


516 turar: Inger Riksheim


391 turar: Solveig Olsen


174 turar: Kjell Olsen


Vi nemner òg at to bøker er fullskrivne på denne posten. No i innspurten er ein godt i gang med tredje boka. Slikt engasjement likar trimgruppa, men truleg kan rekne med ein sterk innspurt på alle postar med godvêr i nedslagsfeltet.


PS: Kva dato det er bokbyte og sesongslutt er berre trimgruppa som veit. Det vert vanlegvis ikkje kunngjort.