Sundagstankar
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2012
Lysløypeplanering
Det er slett ikkje flaggvêr for tida. Anten striregnar det, eller så blæs det stiv kuling eller hardare. Vi har forståing for at det ikkje freistar å lufte flagget, sjølv om det burde vore gjort. I dag burde det eksempelvis vore flagga med alle tilgjengelege stenger på Holen. Kvar sitt birkebeinermerke til Roger Malvin og Jens Christian i går, 40 år bryllaupsdag for Håvard og Irene i dag. Gratulerer!! Det er kanskje ikkje alle som veit det, men Håvard har vore leiar i VIL og sysla med skisport i yngre år. Tida renn, men formann som det heitte i gamle dagar, var han vel på 1980-talet ein gong.
Det er ikkje berre utandørs det blæs. Også Velledalen IL har vind i segla. Grasrotspelar nummer 77 har slutta seg til rekkjene våre. Det er ny rekord. Førjulsmessa som vi skal arrangere saman med årets 60 års jubilant, VRF, er fullteikna meir enn to månader før tida. Om to veker arrangerer vi Ramstaddalsløpet, stafetten rundt det meste av bygda som er open for alle som vil (påmelding til Svein Arne Nakken). Og vår eldste deltakar i Konradløpet - og vår nest eldste (etter Harald Hjorthol) i Ramstaddalsløpet - Tomas Tandstad, vart 100 denne veka. Gratulerer til han! Kring neste helg, eller like etter, er det stort jubileum for VIL-nett. Då passerer vi 88 888 treff. Som vert markert med marsipankake i stor utgåve etter Ramstaddalsløpet. Vi har fått på plass ein jenteblogg med Christina, Hilde og Ellen med turnus fram til jul. Nye jenter som vil vere med etter jul kan melde seg (
atlehole@online.no
).
På fjellet går arbeidet med lysløypa framover med planering og grøfting. Før snøen kjem skal traséen vere slett og fin. Diverre kjem ikkje lysa på plass denne vinteren, men arbeidet er i alle fall i gang med god støtte av Velledalen IL – både økonomisk og i form av dugnad ved hovudsakleg langrennsgruppa.
Kom deg ein tur ut sjølv om vêrgudane held rabalder. Du kan eksempelvis setje namnettrekket ditt i ei trimbok (som snart vert skifta av trimgruppa), og/eller du kan melde deg/familien som deltakar i Ramstaddalsløpet – så har du fått litt unna føtene denne dagen òg.
Framifrå
god sundag!
Atle