Kenneth Brunstad tok hesteskokastinga
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2012
Diverre var ikkje deltakinga så altfor stor. Ingen av dei gamle kastheltane frå glansåra på 1980-talet som enno er i live, deltok. Dei var heime og spela kinasjakk og gnav, vart det hevda.
Uansett, vi skal fokusere på dei som deltok. Her er resultata frå posten som VIL sin idrettsskule hadde ansvaret for.
38 poeng: Kenneth Brunstad
33 poeng: Kjell André Brunstad
28 poeng: Atle Hole
22 poeng: Anders Leirmo
21 poeng: Oda Brunstad
21 poeng: Sandra Brunstad
14 poeng: Julie Brunstad
Dermed vert Kenneth Brunstad kåra
som klubbmeister i hesteskokasting 2012. Han vert premiert under den sosiale samlinga i etterkant av Ramstaddalsløpet den 29. september.