Tøff kamp om klubbmeistertittelen i Null-løp
Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Sep 2012
Kva er Null-løp..? Det er å tilbakeleggje to rundar i ei lik løype på mest mogleg lik tid. Nullen refererer til avvik i tid, der målet altså er å få eit avvik på null sekund – utan å bruke klokke. Farta bestemmer ein sjølv. Om ein kan går, joggar eller spring fort, spelar inga rolle for arrangøren. Målet er uansett minst mogleg avvik mellom rundane.
Og rundane var korte, knappe 400 meter, slik at alle kunne orke delta. Deltakinga kan ein ikkje klage på i det halvsure vêret. Her kjem namna på alle som greidde eit avvik på 10 sekund eller mindre, og legg merke til aldersspennet:
0 i avvik: Per-Gunnar Holmberg
2 i avvik: Kayle Meldrum
2 i avvik: Johanne Hjortdal
2 i avvik: Jens Hjortdal
2 i avvik: Anita Mosby Nakken
3 i avvik: William Hansen
4 i avvik: Lars Urke Hjorthol
5 i avvik: Paul Hole
5 i avvik: Roy Kevin Storvik
6 i avvik: Oda Brunstad
6 i avvik: Anders Leirmo
7 i avvik: Sivert Nakken
10 i avvik: Simon Skylstad Hole
I alt 25 personar deltok i Null-løpet. Dei beste vert premiert under den sosiale samlinga i etterkant av Ramstaddalsløpet. Hugs påmelding der til Svein Arne Nakken ( 90 79
33 43). Absolutt alle kan delta- spring så langt du vil sjølv. Hovudmålet er å få MANGE med.