Eit feitt om det er moreller eller plommer
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2012
Denne gongen nytta arrangøren plommer. Mange prøvde vippe Torje Bjørneset ned av trona. Heit fåfengt. Etter å ha ete plomma av ukjent merke frå hagen i Olagarden på Hole, spytta Torje steinen imponerande 8,5 meter. Nærast kom Kjell André Brunstad med fine 6,5 meter. Unge Tobias Nilsen tok ein flott tredjeplass med 5,3 meter. Alf Petter Bøe vart beste nordmøring med 5,1 meter som beste spytt. Simon Skylstad Hole hadde femte beste resultat uansett klasse med
4,8 meter.
Monica Hole vart beste kvinne. Vinnarspyttet målte 4,6 meter. Nærast kom Ildrid Bøe med 3,5 meter.
Rykta seier at Torje hadde lova dei eldste skuleelvane som greidde slå han, hundre kroner kvar i honorar. Denne gongen var ikkje pengane i fare, noko dei neppe vert neste år heller, om veddemålet står ved lag.