Arbeidet med lysløypa i Ladalen i gang

Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Sep 2012

ill.foto

Då er arbeidet med den nye lysløypa i Ladalen kome i gang. Målet for arbeidet denne hausten er planering og grøfting. Det vil seie at det ikkje vert lys i løypa komande vinter. Det er Dag`s
   Maskin som er entreprenør, med ei framdrift på 50-100 meter for dag, vert det meldt av pålitelege kjelder.

   

Medlemar av lysløype komiteen melder til VIL-nett at det er trong om litt ekstra skogrydding. Ikkje så store mengder, men det må gjerast. Dette er dugnadsarbeid. Kan nokon ta ein tørn, vert dei bedne om å melde frå til Fridtjof Fredriksen eller Svein Arne Nakken. Arbeidet kan gjerast når som helst, etter ein kort presentasjon av hogststad med medlemar av komiteen.

   

Svein Arne Nakken har telefon: 907 93 343