SMÅNYTT FRÅ VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Aug 2012
Det har kome spørsmål om foto frå trimgruppa sin hausttur til Bremangerlandet sist helg. Turen vart diverre avlyst på grunn av lita påmelding, så der finst ingen foto å vise.
I dag er det siste dagen for dei som vil støtte grasrotlaget sitt i periode to i året 2012. Denne perioden strekkjer seg frå 1. mai til 31. august. I morgon kjem vi med tala på VIL-nett.
Påmeldingsfristen til Førjulsmessa må vi minne om. Den er sett til 1. september. Det er sjølvsagt mogleg med seinare påmelding om det finst plass, noko det i liten grad gjer. Dei som ikkje får plass i fyrste omgang hamnar på venteliste.
6. september er det aktivitetskveld på Dalemyra. Idrettsmerkeprøver, Null-løp, plommesteinspytting, spydkast, miniterrengløp og hesteskokasting er noko av det som står på menyen.
Vi minner òg om Ramstaddalsløpet siste laurdagen i september. Påmelding til Svein Arne Nakken. Her kan alle delta og vi vil ha mange med. Distansen bestemmer du sjølv. Svein melder at dei fyrste påmelde er i hamn.