Førjulsmessa så godt som fullteika

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Aug 2012

Datoen i år er 17.og 18. november. Og det er jubileum – 20. gong. I skrivande stund (29.august) er det berre få ledige plassar att.

   

Det sit tre personar frå VRF og tre frå Velledalen IL i messestyret. Like etter fristen er ute vil styret ha møte. Der vert det bestemt kven som får tilbod om plass og kven som eventuelt hamnar på venteliste. Hittil er ei handfull debutantar påmelde.

   

Du kan sjå namna på dei påmelde ved å venstreklikke under FØRJULSMESSE.