3.56.31 for Rolf i Birken
Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Aug 2012
Velledalen IL sin utøvar under Birkebeinerrittet, Rolf Haxthow i klasse 55-59 år, kom under den magiske fire timars grensa med ei sluttid på fine 3.56.31
Merkekravet i klassa vert av arrangøren opplyst å vere 3.53.27. Noko som betyr at Rolf mangla tre minutt og fire sekund. Dette er lite etter ein distanse på 91 kilometer. Sagt på ein annan måte; Hadde Rolf sykla i snitt to sekund raskare på kvar kilometer hadde han vore der. På merkekravet temmeleg nøyaktig.
Takk for innsatsen, Rolf!
Klubben din er godt nøgd med innsatsen.