Litt om hesteskokasting
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2012
Saka gjeld kastarane i Midtre Nordfjord Hesteskoklubb(Mino), og er å finne på trykk i Sunnmørsposten. Dei er lite nøgde med at Eid idrettslag har fått avtale med Eid kommune om å gjere halvdelen av grusbana om til kunstgrasbane. Trass fleire forsøk har ikkje Mino fått nokon avtale.
-
Vi kjenner oss rett og slett kasta ut av grusbana. Er det slik at hesteskosporten ikkje er like viktig som andre sportar, undrar Mino-leiar Harald
Fagerstrand jr. i brev til ordføraren.
Mino-leiaren håper kommunen vil hjelpe til å få utvida grusbana, for å sikre treningsforholda for klubben og slik at det kan arrangerast store arrangement, som eksempelvis NM.
Hesteskokasting som idrett har mange år på sotteseng her i Velledalen. For fleire tiår sidan var bruken av Velledalen grusbane til hesteskokasting ikkje alltid problemfritt. Men det ordna seg stort sett til beste for alle parter.
Vi nemner at i samband med Aktivitetskvelden 6. september står hestekoskasting på programmet. Gruppeleiarane i VIL har bestemt at resultata frå Null-løp og hesteskokasting i år tel som Velledalsmeisterskap.
PS. Vi nemner at Mino er klubben til Perry Lien, ein av få sykkylingar som har gjort bra prestasjonar innan greina dei siste åra.