Skåla opp

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2012

Jo André og Katinka på veg ned att etter ein strabasiøs ferd opp fjellet

Ein liten turrapport frå gårsdagens utflukt til Skåla, for 5. året på rad. Eg og Katinka starta dagen klokka 05.45, då vi måtte rekke ferga over til Sykkylven 6.30. Vel framme i Sykkylven plukka vi på Knut Orre, som også skulle springe konkurranseklassa denne dagen. På turen innover opplevde vi litt skiftande vêr, men det draup mest heile veien. Vi kom fram omtrent klokka kvart på 9, det passa godt sidan Katinka skulle vere med i trimklassa i år, og såleis skulle starte klokka 9. Siste timen før start i konkurranseklassa vart brukt til å utveksle erfaringar om fjellet med folk ein har vorte kjent med etter nokre turar i fjellet. Nokre kjendisar såg vi også, mellom anna den alltid så blide Oddbjørn Hjelmeseth, og også Stoltze-kongen Torbjørn T. Ludvigsen. Starten gjekk klokka 10.00, og for min eigen del starta løpet som dei alltid gjer, ein god del over evne. Føtene kjennast friske og raske, og ein legg seg framme i feltet med løparar som er har rekordar 15 minutt bedre enn sin eigen. Dette går bra ei stund, men allereie etter 25-30 minutt har farta roa seg betraktelig, og eg ser Stian Mork springe forbi. Etter 45-50 minutter er beina pinne stive, og eg bruker hendene til å hjelpe beina å skubbe frå. Eg har gått på samme smellen i samme bakken fleire år på rad, så dette burde ikkje vere nokon stor overraskelse. Då kjem eg heldigvis på at eg har ein energibar liggande på utsida av sekken til bruk i slike situasjonar. Medan eg trasker oppover med hjertet i halsen, pulsen i taket, og nokre fuglefrø i kjeften, ser eg også Bjørn Arve Brune gå forbi. Frø-baren hjelper heldigvis på energinivået, og eg bestemmer meg for å prøve å ikkje sleppe Bjørn Arve meir enn dei 50-100 meterane han allereie har fått frå meg. Eg skuler ofte bakover for å sjå om turkameraten Knut Orre er i kjømda. Han ser eg heldigvis ikkje, kanskje han skal få sitje på heim allikavel! Plutseleg får eg også passert Katinka i bakkane, som i år valgte å prioritere å bruke tid på skulegang framfor konkurransar.(Godt valg, sjølv om eg skal prøve å presse på for å få henne med seinare igjen!) Pusten har roa seg litt, men beina er så altfor tunge, idet eg tek fatt på siste tredjedelen av løpet. Stupbratte berg forserast, og ein kjem til slutt opp til siste kneika før mål. Stemninga og energinivået stig med adrenalinet, og ein får sprunge litt igjen. Mållinja kryssast på 1.50.49, som er omlag 1,5 minutt bedre enn fjoråret, men nokre minutt bak målsetjinga. OK fornøgd, men ein får nok ta seg nokre fleire langturar før ein eventuell neste tur til Skåla. Stian kjem i mål på 1.46, Bjørn Arve på 1.48, Knut på 1.56 og Fridtjof på 1.57. Slike tider på under 2 timar til Skåla må regnast som meget imponerande når det vert oppgitt at turen i vanleg turtempo vil ta kring 5 timar. Gratulerer til heile gjengen :)

  Mvh
  Jo André og fotograf/sherpa Katinka

Fleire bilete ligg i album