Riksheimdalen: Ivar Flo har full kontroll
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2012
Arkivfoto frå Idrettsgallaen 2011
Ivar Arne Flo ser ut til å ha avgjort kampen om trona i Riksheimdalen for året 2012. Leiinga er så klar at den ikkje kan ryke. Trass alt er det berre kring 40 dagar att til bokskifte. Ivar Flo er ikkje ukjend i VIL-miljø. Han har delteke for laget i Holmenkollstafetten, og i yngre år var han ein mann som likte springe langt. Han har fullført maratonløp på konkurransenivå, mellom anna. No er han pensjonist, med tid til turgåing. Ivar er dessutan ivrig musikar i Sykkylven Janitsjar.
Vi trur ikkje vi risikerer stort om vi alt no ropar ut: Ivar Flo vinnar i Riksheimdalen 2012!!!
Her er stoda som vår frilansar melde inn laurdag 18. august klokka 18.30:
230 turar: Ivar Arne Flo
97 turar: Renathe Riksheim Oldeide
81 turar: Torill-Anne Lie Aurvåg
80 turar: Hildegunn Eikemo Flo
68 turar: Anne-Lise Erstad
Som vi ser er det lite som skil på plassane 2-5.