Retting: Svein sprang til Aure

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2012

Etter endt tur til Aure. Foto: Arve Eggen

Slik står det å lese i meldinga han sende til VIL-nett natt til sundag. No er Svein naturleg spent på kven som vert semifinalemotstandar. Det kan Bli Molde, som slo ut Sandefjord. Og det vert vinnaren av Tromsø- Bodø/Glimt og vinnaren av Brann- Strømsgodset. I kveld er dei fire laga klare. I morgon trekning, der også heime-/bortebane vert trekt.

   

   -
   
 Kjem Hødd til finalen skal eg garantert til Oslo på cupfinale, seier ein særs nøgd

men
 kroppsleg småstiv Svein Arne Nakken.

   -
   
 Du sprang altså heilt til Aure.?

   -
   
 Ja, når eg fyrst var i farta sprang eg heilt til Bankplassen. Eg vart sillblaut av regnet men det var ein fin tur i 16 varmegrader.