Anna Haugen til minne

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Aug 2012

Anna Elina Thora Haugen (f. Saure) kom til verda 6.august 1914. Ho rakk såleis å bli heile 98 år gamal.

   

Idrettskarriere fekk Anna aldri. Ho var født på feil tid til den slags. Men ho visste korleis ho skulle halde seg i form. Ho brukte føtene og gjekk, og var aldri redd motbakkar. Riksheimdalen var ein høveleg «arena» og populær turstad. Der pla Anna notere namnet sitt i boka trimgruppa hadde plassert ut. Så ofte gjekk ho, at ho jamnleg var inne på topp-5 lista ved posten Dammen i Riksheimdalen.

   

Sjølv i høg alder var ho stabil mellom 50-100 turar på posten. Vi kan nemne at Anna hadde 81 turar så seint som i 2008. 81 turar som 94-åring !! Ingen har gjort noko tilsvarande før henne. Og vi tvilar om nokon vil gjere det etter.

   

Takk Anna for bidraga dine!


Du var ein vegvisar for andre om kva som var mogleg og du smitta oss alle med positiv energi.

   

Velledalen IL lyser fred over Anna Haugen sitt minne

   

Atle Hole