Skåla Opp laurdag 18.august
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Aug 2012
Etter å ha studert påmeldingslista fann vi tre «gutar» i konkurranseklassa. Dei tre er:
Fridtjof Fredriksen, Sykkylven IL
Jo André Tandstad, Velledalen IL
Stian Mork, Velledalen IL
Påmelde i mosjonsklassa er:
Bengt Bueide
Vidar Årnes
Nancy Eggen
Mosjonsklassa har start i tidsrommet 07.00-09.00. Konkurranseklassa har fellesstart klokka 10.00. For å få godkjend deltaking må ein vere på toppen (1848 meter over havet) seinast klokka 15.00. Vi ynskjer dei lokale løparane hell og lukke på turen, og ikkje minst bra vêr.
Skåla Opp har vorte ein pengemaskin. Med tunge sponsorar som spyttar inn. Store pengepremiar og kjendisar som vert henta inn for å kaste glans over arrangementet. Og det er ikkje gratis
deltaking – langt der i frå. Ein konkurranseløpar må betale 470 kroner i startkontingent. 570,- om ein melder seg på etter 1. juni. I mosjonsklassa er satsane 180,- og 200,- etter 1.juni. Parkering på mark kostar 40,- kroner pr. bil
Har du delteke fem eller ti gonger, kan du KJØPE deg ein 5-års eller 10-års pokal. Desse kostar 100 kroner.
Dette nemnt i fyrste rekkje til dei som meiner Konradløpet er dyrt. Der kostar det 100 kroner for ein vaksen inkludert frukost og sosial samling etterpå. Parkeringa er gratis, årspremiane gratis, og du kan risikere å bli premeiert av andre grunnar. Men SKÅLA tek oss på utsikta – om arrangøren får klaff med vêret.