Påfyll i friidrettsgruppa
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Aug 2012
Byen er Bergen, men laget er LSK, meinar Ellen Marie
Det er den yngre garde i gruppa som no flyttar frå heimbygda. I alle fall for ei tid. Hilde Riksheim Tandstad vil ha Sogndal som base for sine studiar i geologi. Ellen Marie Hole er på plass i Bergen for årsstudium i psykologi, medan Christina Holmberg reiser til Valdres –ikkje på fisking, men folkehøgskule.
Tilbake i gruppa sit veteranane. Det må vi ha lov til å kalle kvartetten Odd Kåre Fet, Rolf Haxthow, Terje Aurdal og Alf Petter Bøe.
Har nokon lyst inn i gruppa er dei hjarteleg velkomne. Gi i så fall eit hint til ein av dei fire. Sidan kvinneandelen i gruppa no er 0 prosent, er kvinner ekstra velkomne.