Nils og Stian på Saudehornet

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Aug 2012

Arkivfoto frå Saudehornet rett opp i 2006

103 løparar – av desse 14 kvinner - fullførte den tiande utgåva av Saudehornet Opp i Ørsta laurdag 4. august. Forholda var ikkje dei beste. Tett skodde på toppen og sleipt i terrenget, sytte ikkje akkurat for rekordforhold. Likevel, May Britt Buer sette ny rekord i kvinneklassa.


Ho ser ut til å bli samanlagtvinnar i årets NC-cup i kvinneklassa, medan det er meir ope mellom herrane når eit løp står att – NM i Rosendal komande helg


To av dei 89 deltakarane i herreklassa representerte Velledalen IL. Motbakkeekspert Nils Terje Skylstad i klasse 55-59 år, og langrennsløpar Stian Mork i den hardaste klassa, 23-34 år. Stian vart nummer 19 på tida 1.19.01. Nils kneip ein framifrå tredjeplass av ni deltakarar i 55-59 år på tida 1.11.15 – berre 47 sekund bak vinnaren Erik Driveklepp frå Volda. Totalt vart Nils nummer 45 av 89 startande herrar – sterkt av ein mann som vert 55 i september.


Nils har Saudehornet Opp som eit av sine favorittløp. Mange gonger klassevinnar her, seinast i fjor, då på tida 1.10.28. Pussig nok identisk med den tida han måtte hatt for å få delt fyrsteplass laurdag.


Bestetida til Nils Terjs Skylstad i Saudehornet Opp er 1.01.22. Diverre, får vi vel seie, er alderen hans slik at den vil bli ståande. Men det er likevel meir enn nok å strekkje seg etter.

    Resultatliste her