Tøff niåring i Hornindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jul 2012
Svein Arne Nakken og kona Anita hadde sist helg med tvillingane Andreas og Sivert til Hornindal. Planen var at faren og dei to sønene skulle springe miniton. Lenge gjekk alt etter planen. Svein kom inn til tida 17.56, bestetid mellom mannfolka på distansen. Sivert kom inn til fin fjerdeplass i klasse gutar opp til 16 år med tida 23.44. Men Andreas glimra med sitt fråver. Det varte og rakk, men ingen Andreas dukka opp.
Så vart det inga anna råd enn «leiteaksjon» i løypenettet. I regi av familien. Heldigvis vart guten funnen. I god behald – springande i løypa. Det viste seg at der 4,2 kilometer og 10 kilometer løypene skilde lag, hadde Andreas teke feil. Då han vart funnen hadde han om lag tre kilometer att av milløpet. Men nei, han hadde ikkje fått nok. Niåringen fullførte heile distansen i fin stil til tida 54.54! Sjuandeplass av ti startande i menn klasse 17-34 år(!!) vart resultatet.
Tøffe karar, desse Nakken-gutane!