Fetvatnet Rundt – usikker dato
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jul 2012
På lista over VIL-arrangement står Fetvatnet Rundt oppført 19. august – ein sundag.
Same dag skal Sykkylven Sykkelklubb arrangere Sykkylvsrittet. Fyrst ein tempodel, deretter 70 kilometer fellesstart. I
hovudsak er sykkelklubben ute etter sprekare syklistar enn det VIL er til sitt arrangement, der også gang/jogg er eit alternativ.
Likevel er ein kollisjon uheldig.
Ved fellesferien sin slutt må VIL ta ei avgjerd i samråd med Odd Kåre Fet (arealeigar parkering) og Pål og Turid Fet (parkvesenet). Sidan SSK tok denne datoen før VIL, er det vi som må fire om vi vil unngå arrangementskollisjon.
Kom gjerne med innspel.
Må Fetvatnet Rundt arrangerast ein sundag, eller kan det like gjerne vere ein augustkveld midt i veka…?
Innspel til: atlehole@online.no