Mefjellet Opp sundag 22.juli
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jul 2012
Kjell Magnar Berli i 2011
Sentrum i Fjørå har truleg sin største dag i 2012 når det sundag er utgangspunkt for motbakkeløpet Mefjellet Opp. Ikkje kva som helst slags motbakkeløp heller. Årets Mefjellet Opp har nemleg status som Noregs Cup, som løp nummer fem av året. Eller femte løp i NECON (Norwegian Engineering & Consulting) som det heiter på fint.
Løpet har altså start nokre få meter over havnivå i Fjørå. Målgang er på toppen av det 1100 meter høge Mefjellet. Total løypelengde i konkurranseklassa er sju kilometer. Fyrste del av løpet går på asfalt, seinare skogsveg og sti. Mefjellet Opp er rekna for å vere av dei finaste lokale motbakkeløpa i ein av dei beste traséane.
Mefjellet Opp har eiga trimklasse. Eit perfekt tilbod for dei som berre vil oppleve ein fin tur i flott natur. Trimklassa kan velje mellom lang og kort løype. Lang løype er identisk med konkurranseløypa, kort løype er kortare både i lengde og høgdemeter.
Valldal IL er arrangør, og vi reknar med at Velledalen IL vert representert