1927: Det gode året
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2012
Karl Johan og Ole Bastian vart fødde i 1890. Ole Martinus året etter. Med andre ord temmeleg jamngamle.
Ingen av dei var spesielt «hissige» etter kvinnfolk, var det likt til. Fyrst ute var Karl Johan, som 28 år gamal gifte seg med Severine Johansdotter Brunstad frå Rabben. Ole Martinus var 29 år då han ekta Johanne Larsdotter Lade. Medan Ole Bastian
roa ned enno ei tid. I ein alder av 35 tok han Berte Johansdotter Strømme til kone.
Alle para fekk born - omkring dusinet fullt til saman. Og alle tre para fekk born i 1927. Fyrst ute dette året var Ole Martinus og Johanne. 15. juli fekk dei sonen Magnar. Truleg ein gledens dag då dei alt hadde to jenter (etter Magnar kom enno to gutar). 31. oktober same år var det Berte sin tur. Denne datoen kom einaste arvingen til Berte og Ole Bastian til verda. Han fekk namnet Karl. Drygt tre veker seinare, 23. november, drog like godt Karl Johan og Severine til med tvillingar. Kaspar og Sigurd kom til verda som dei yngste i ein sykjenflokk på seks.
Vi kjenner ikkje dei sportslege genane til dei tre nemnde para. Kanskje var dei tilstades i fullt monn, men dei levde i ei tid der i alle høve kvinnene brann inne med heile potensialet sitt. Mannfolka hadde òg mange høgare ideal enn å drive idrett. Men dei heldt seg i form gjennom hardt kroppsarbeid. Ein hadde seg sjølv og slekta og stole på – sjølvberging, kort og godt.
Difor kan ein ikkje vite sikkert om det var tilfeldig at Magnar Fet, Karl Lade og Kaspar Fet vart slik dei vart. Kanskje hadde foreldra gode anlegg for idrett, men dyrke dei, ja, det var langt,langt verre.
I alle fall, dei tre gutane som var fødde over eit tidsrom på fire månader og åtte dagar i Velledalen i 1927, fekk alle oppleve å bli æresmedlemar i Velledalen IL.
Av den gode 1927-årgangen er Karl er diverre borte. I morgon hyller vi Magnar som vert 85, medan Kaspar lyt vente til 23. november på sitt jubileum.
Atle Hole