Sterk Per Steinar i Sognefjellsrittet
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2012
arkiv foto frå årets Nibberitt
-
Eg får sykle meg i form, sa Per Steinar Linga til VIL-nett tidlegare i sesongen. Det har han tydelegvis no gjort. Sist helg deltok han i Sognefjellsrittet. 137 kilometer med start i Lom og målgang i Sogndal. Ei solid kraftprøve.
Per Steinar starta i klasse 30-39 år. Ei klasse med 53 fullførande utøvarar. Då seier det seg sjølv at andreplass er ein flott prestasjon. Og når avstanden fram til fyrsteplassen etter nær fire timar på setet berre er eitt sekund, vert prestasjonen framifrå.
Tida til Per Steinar var 3.54.22, mot 3.54 21 på vinnaren Per Alfred Holte frå Fannefjord SK i Romsdal.
Vi nemner og
at Marius Kalland, Sykkylven SK, tok ein fin 20.plass i klasse 20-29 år med tida 4.30.43. I klasse 40-49 år vart Arild Mjeltevik, Sykkylven SK, nummer 26 på tida 4.30.42. 65 fullførte i sistnemnde klasse.
Sprekt trakka, gutar!
Og det er ingen grunn til å tru at desse resultata er fiksa.