Tomannsdugnad på Myrdalsfjellet

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2012

Trimboka på toppen av Myrdalsfjellet har ikkje vore like lett å finne for alle. Den har hatt tilhald inne i ein varde, der ein måtte flytte på ein stein eller tre for å kunne notere namnet sitt i boka

   

Orkanen Dagmar let ikkje varden som gøymde boka sleppe unna. Den vart såpass rasert at trimgruppeleiar, Nils Terje Skylstad, og ivrig fjellvandrar, Elling Hole, fann at ein liten dugnad var på sin plass. Denne vart utført i strålande vêr sist veke. Ikkje berre vart varden utbetra, det kom òg opp ny kasse.

   

Dermed er det berre å intensivere turane til Myrdalsfjellet, om ikkje anna for å vurdere arbeidet.


Takk Nils og Elling!

   

   

FOTO: Nils Terje Skylstad.