Grillkveldmeny
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Jul 2012
I tilfelle stor pågang kan det vere greitt å ha med eigne skrivesaker til trimbingoen.
Kosthaldet under trimgruppa sin 24. grillkveld er av relativ tradisjonell art. Kotelettar, pølser og hamburgarar med potet- og grønsaksalat er sikker kost. Grillkvelden er eit typisk familiearrangement og sætra må sjåast som ein rusfri arena under arrangementet. Av drikke vert det difor servert brus og kaffi. Og kake til kaffien høyrer med.
Trimgruppa ynskjer alle vel møtt på sætra.