Hekta på langrenn

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jul 2012

Solveig Beate Brunstad (f. 1996) og Andrea Berge Kastellet (f. 1998) ville gjerne møte to av idola sine, Marit Bjørgen og Therese Johaug. Dei fann at det kunne gjerast gjennom deltaking på sommarskiskule på Aure (Nordmøre). Men det gjekk ikkje heilt slik jentene hadde trudd.

   -
   
 Vi melde oss på i januar. Skiskulen skulle vere 23-26 juni, i regi av toppidrettsveka same stad. Fordi vi ikkje ville møte ubudde, kjøpte (Solveig Beate) og lånte (Andrea) vi rulleski i vår og la oss i trening. Men diverre dukka ikkje Bjørgen og Johaug opp. Dei måtte på samling med damelandslaget, fortel dei to modige veninnene.

   -
   
 Kven fekk de då som instruktørar?

   -
   
 Vi skal ikkje klage. Fleire frå det norske sprintlandslaget med Øystein Pettersen (Pølsa), Eirik Brandsdal og Ola Vigen Hattestad i spissen. I tillegg hadde vi fleire svenske, mellom andre Sandra Hansson og Robin Brynteson.

   
 Kjende ingen
   

Sommarskiskulen hadde to treningsøkter kvar dag. Det opna med elghufsinterval fyrste dagen, rulleski den andre og tre timars joggetur opp på eit fjell den tredje. Siste dagen vart det arrangert ei form for jaktstart basert på poeng frå tidlegare prøver, som laget til Solveig Beate og Andrea vann. I alt deltok 110 gutar og jenter i alderen 10-16 år på Nordmøre.

   -
   
 Vi kjende ingen av dei andre då vi kom, men vart kjende etter kvart. Utanom læring frå trening vart det lagt vekt på at vi skulle ha det kjekt i lag. Mange sosiale aktivitetar. Sjølv om vi ikkje traff Marit og Therese svara opphaldet til forventningane

   
 Langt til snø
   

Andrea og Solveig Beate har vorte hekta. Hekta på trening. Kvar dag er dei i sving. Komande måndag reiser Solveig Beate til Sognefjellet der ho skal gå på natursnø.

   -
   
 Det er langrenn eg vil satse på. Kanskje melder eg meg inn i Stordal IL, der inne er dei flinke med langrenn, seier jenta med farmor nettopp frå Stordal til VIL-nett.


For Andrea er det litt verre. Ho bur nemleg i snøfattige Stavanger.

   -
   
 Næraste snøsikre stad er Sirdal, to timar frå Stavanger. Kanskje melder eg meg inn i Sandnes IL. Der driv dei med langrenn og det var der eg lånte rulleski.

   
 Kanskje Hellesyltløpet
   

Solveig Beate og Andrea ser fram til at lysløypa for langrenn i Ladalen skal bli ferdig. Den vil bli flittig brukt. Men før snøen kjem dalande skal det trenast mange timar på barmark. Komande laurdag vert Hellesyltløpet arrangert. Kanskje tek dei med seg løpet som eit ledd i treninga.

  Og enn så lenge lever draumen. Draumen om idola Marit og Therese. Det vart ikkje på Nordmøre i 2012, men éin dag vil dei treffast.