Stødige Nancy
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Jul 2012
Vi sit på ferja inn Geirangerfjorden. Nancy Eggen slappar av før sitt femte Nibbeløp. Debuten fann stad i 2007, i ein alder over 40 år.
-
Du må hugse at eg har vore storrøykjar. Så slutta eg med det og byrja springe langt i staden. Eigentleg er det vel to «greiner» som ikkje let seg kombinere, seier Nancy og smiler til VIL-nett sin utsende.
-
Eg trenar ikkje så mykje lenger. I vekene når eg går på jobb manglar eg ork, så det blir mest i helgane, fortel ho.
Denne gongen har ho med
mora, Lilly, som neste vår er kvalifisert til Konradmedaljen i gull om ho stiller i Konradløpet 2013. Lilly har kortversjonen av Nibbemarsjen som mål for dagen. Tidlegare har Nancy hatt med sonen, Marius, som har gjort det godt som syklist. Samla ein sterk trio frå same familie. Tre generasjonar i tre ulike greiner.
Her er Nancy Eggen sine tider og plasseringar i Nibbeløpet
2007: 2.22.28 – 1.plass i klasse 40-44 år
2008: 2.25.36 – 3.plass i klasse 40-44 år
2009: 2.27.43 – 2.plass i klasse 40-44 år
2010: 2.19.22 – 3. plass i
klasse 40-44 år
2012: 2.24.52 – 1. plass i klasse 45-49 år
Legg merke til at ho starta og slutta (førebels slutta) med siger. Tidene er særs jamne og fine. Ein må hugse at forholda varierer ganske sterkt frå år til år. Mål er trass alt på ca 1500 meter over havet. I 2012 var eksempelvis temperaturskilnaden godt over ti grader frå start- til målpunktet.
I 2011 deltok ikkje Nancy, om nokon lurer på kvifor data frå det året manglar.