På stumpane
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Jun 2012
VIL-nett har fått telefon frå ein lesar i Straumgjerde som er fortvila over lokalavisa si.
-Eg nektar å tru dette skuldast kunnskapsløyse, seier straumgjerdingen som vil presisere:
Dalemyra grasbane ligg i Velledalen.
Slettegjerde grasbane i Straumgjerde.
VRF sin fotballskule vart nyleg avvikla på Dalemyra, og det var her lokalavisa gjekk i baret med å omtale anlegget som Slettegjerde. Begge banene har naturgras, og er strøkne på denne tida av året. Dalemyra er eigd av Velledalen IL, drifta av VRF. Slettegjerde er eigd av VRF og drifta av VRF.