Olaf den hardbalne
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2012
Men saka er meir imponerande enn som så. Hittil har Nibbeløpet blitt arrangert 19 gonger. Olaf har delteke i samtlege. Ein prestasjon ikkje mange andre kan slå i bordet med. Åtte gonger har Olaf blitt klassevinnar. Den personlege rekorden skriv seg tilbake frå 1996, og lyder på sterke 1.58.57. Før øvrig einaste gongen han har vore under to timar, men vi må ikkje gløyme at lettbeinte Olaf var kring 50 år då debuten fann stad i 1994.
Her er Olaf sine 19 løp frå fjorden i Geiranger sentrum til toppen av Dalsnibba:
1994: 2.03.22
1995: 2.13.18
1996: 1.58.57
1997: 2.05.32
1998: 2.03.21
1999: 2.11.35
2000: 2.08.40
2001: 2.16.22
2002: 2.11.12
2003: 2.07.31
2004: 2.16.52
2005: 2.19.18
2006: 2.26.12
2007: 2.26.12
2008: 2.32.20
2009: 2.31.18
2010: 2.41.26
2011: 2.38.56
2012: 3.05.18
Legg spesielt merke til at Olaf gjorde det kunststykket i springe på same tid i 2006 og 2007, og at det skil berre eitt sekund mellom tidene i 1994 og 1998