Fotballferie som jumbo

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Jun 2012

Ein plass på øvre halvdel av tabellen er eit realistisk mål, meinte Sykkylvsbladet sin fotballekspert før seriestart. Skal det skje må bygda sine håpefulle gjere reint bord etter ferien, noko dei færraste trur.

   

Det opna godt med 6-2 triumf i serieopninga mot Valder. Etter det har det kome fleire lyspunkt, men stort sett berre i korte glimt – sjeldan i heile kampar. Unntaket var mot Langevåg i 11. serierunde på Dalemyra der FKS vann 4-0. For så å tape 7-2 mot Valder i neste kamp. Generelt har den defensive strukturen i laget ikkje halde 4. divisjons kvalitet.

   

Særleg på bortebane har det vore ille. Ingen siger borte korkje for herre- eller damelag denne vårsesongen. Stordal IL toppar 5. divisjon. Bygda med 1000 innbyggjarar kan neste sesong fort gjort byte plass med FKS. Frå bygda med over 7500 innbyggjarar.

   

Alt håp er ikkje ute. FKS botnar med sine ni poeng på tolv kampar. Godøy ligg nest sist med sine ti. Skodje har elleve. Minst eitt sunnmørslag rykkjer ned frå 3 divisjon denne sesongen. Det kan fort bli to. Det påverkar nedrykket frå 4.divisjon. Skal FKS berge plassen må dei ha framgang i haustsesongen.

   

Jubileum blir det uansett. Den gamle «storheita» VRF vert 60. Laget som tok mål av seg og skulle vitalisere sykkylvsfotballen, er 50 år yngre.