Opp på Bruna

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2012

Løypa var litt lenger i år enn i fjor,
   dermed kan ikkje tidene direkte samanliknast. Unge Robin Jørgensen frå Straumgjerde vann, føre velledalingane Per Steinar Linga og Kjell Magnar Berli. Høgt nivå mellom kvinnene, der unge Mathea Lervåg kom inn 19 sekund føre Pernille Lervåg. Same etternamn, men ikkje i slekt vert det opplyst. Knut Orre og Monica Breivik Orre vart beste ektepar, medan Odd Lennart Lien og Per Vidar Lien vart beste brødrepar. Elles tek vi av hatten
   for dei yngste; Lisa Øvstedal, Sivert Nakken og Andreas Nakken.



Eit lite hjartesukk til slutt. Den store tyngda av menneske i Sykkylven bur mellom «Tjøneset» og Aursneset. Ikkje mange frå denne regionen såg seg syn med å ta turen heilt inn i Straumgjerde denne vakre laurdagen, 23. juni 2012



Robin Jørgensen 19.37


Per Steinar Linga 20.12


Kjell Magnar Berli 20.48


Jo André Tandstad 21.21


Eivind Fet 21.46


Svein Arne Nakken 21.53


Knut Orre 22.12


Mathea Lervåg 22.41


Pernille Lervåg 23.00


Odd Lennart Lien 25.18


Monica Breivik Orre 27.33


Lisa Øvstedal 27.55


Sivert Nakken 29.58


Robert Kalvatn 30.30


Andreas Nakken 31.40


Per Vidar Lien 31.45