Gi upp..... då he du tapt!
Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2012
Ragnar Seljeset med sine medhjelparar snart på toppen av Dalsnibba.
Personleg bestetid er 2.08.47 frå 1996. Det var før hjerneblødning råka han i 2002, 39 år gamal.
-Eg vart eigentleg bra igjen av hjerneblødninga, men nokre ekspertar fann ut eg måtte opererast. Operasjonen gjekk diverre gale og gjorde meg langt på veg ufør, seier honndølen om det fatale året.
Ulikt dei fleste andre i ein liknande situasjon gjekk Ragnar på med krum rygg. Med stort støtteapparat var han tilbake i Geiranger i 2003. Turen vart tøff, men han greidde det. 21 kilometer og 1500 høgdemeter på fem timar og 42 minutt. Kvart år var han på plass og det gjekk gradvis betre.
4.37 i 2007 vart senka til 4.09.51 i 2010.
-
Eg skal greie det på under fire timar, sa han til Sunnmørsposten sin utsende den gongen. Og han la vekt på SKAL.
Sjuk i vinter.
Han slapp vente lenge. I 2011 vart det 3.52.49, i år 3.57.46 under vindfulle forhold.
-
Eg tykte det gjekk bra. I vinter gjekk eg to og ein halv månad utan å trene på grunn av sjukdom. Eg har aldri vore så opplagt etter eit løp som sist helg. Og for fyrste gong på over ti år tok eg igjen løparar. Det var oppmuntrande. Eg føler det demoraliserande å heile tida vere den som vert teken att, fortel Ragnar.
Skal ned på 3.42.
Det er eit stort apparat som skal i sving for at han skal få trene slik han ynskjer. Han må nemleg ha med seg folk. Kvar fredag har han hatt trening med Arild Lødøen. Randi Langlo og Siv Kristensen har siste åra vore faste fylgjesveinar under Nibbeløpet. Andre har òg bidrege. Og det finst fleire mål. I alle fall eitt til.
-
Kan eg nå toppen av Dalsnibba på 3 timar og 42 minutt hadde det vore stort. Det er to timar under der eg starta opp igjen – frå så nær nullpunktet ein kan kome i 2003.
Historia om menn som viljesterke Ragnar Seljeset set perspektiv på livet.
Kanskje aller mest for alle som er friske. I 2013 fyller han 50 år. Med dette er ei av gåvene han ynskjer seg skildra.