Pe-Tomasz i framgang

Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jun 2012

Polakken Tomasz Rzadkiewicz, også kalla «Pe-Tomasz» fordi han bur i Pe-garden på Hjorthol, leverte fin framgang i Nibbeløpet i Geiranger sist helg. I fjor brukte Tomasz 2.56.23. I år senka han tida til 2.48.41. Og dette skuldast ikkje betre forhold, snarare tvert om. Motvinden var til tider sterk laurdag. Rykta seier at Pe-Tomasz skal flytte frå Velledalen…? I så fall synd, men han får kome tilbake til Konradløpet med ein brei delegasjon frå Polen.


VIL-nett ynskjer Tomasz lukke til med den vidare karriera.