Selje cup
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jun 2012
Glade jenter med sine premiar. Foto: Hanne Oline Ulset
VRF J12 spelte fem kampar under cupen, og fekk med seg ein siger. Dei spelte jamt med dei fleste laga, men hadde problem med å omsetje sjansane sine i scoringar.
Resultat for VRF J12:
Guard -VRF
1 - 0
TMFK -VRF
3 - 1
Førde 1-VRF
0 - 1
VRF -MSIL
1 - 2
VRF -Førde 2
0 - 1
VRF J13 måtte stille i klassa 13/14 pga. få påmelde lag, men klarte seg bra mot litt eldre motstand. Laget vann finalen i B-sluttspelet og kom dermed på ein fin 5.plass. Dei starta turneringa bra med siger 4-0 over Selje. Seinare på dagen var Volda motstandar, i ein kamp jentene våre tapte
4-1. Neste kamp var mot Åheim. Dette var ein kamp der begge lag var like gode, men dessverre hadde jentene dårlig utteljing på sine mange sjansar.
Dermed enda det med 3-2 siger til Åheim. Siste kampen i gruppespelet var mot Rival. Kampen vart spelt på grusbane, og det vart ein tøff og jamn kamp. Heldigvis drog jentene
sigeren i land og vann 1-0.
Etter gruppespelet enda VRF j13 på 3.plass i si pulje og vart dermed kvalifisert til B-sluttspelet. I semifinalen skulle vi på ny møte Rival. Vi forventa oss ein like tøff kamp som sist – og det vart det. Laga følgde kvarandre tett, og gleda over ei scoring varte ikkje lenge før motstandaren utlikna. Heldigvis hadde jentene nok krefter igjen og vann denne viktige kampen 4-3.
I finalen var Leirgulen/Davik/Ålfoten motstandaren. Dette var eit lag beståande av mange 14åringar, og det var tydeleg at jentene hadde respekt for motstandaren i 1.omg. Til pause låg VRF under 3-0. Men vi vart einige om å fortsette å kjempe, sidan alle såg moglegheita til at vi også kunne score nokre mål. Jentene la ned ein stor arbeidsinnsats, og klarte å snu 0-3 til 3-3 før 2. omgang var over.
Ved fullspelt ordinær speletid stod detframleis 3-3. Kampen gjekk dermed til speleforlenging 5 min, sudden death. Ingen av laga makta å score fleire mål, og kampen skulle dermed avgjerast på hjørnespark. Men der stod laga også likt, og kampen vart avgjort med myntkast. VRF var heldige, og kunne dermed sleppe jubelen laus.
Vil dermed gratulere jentene med
flott innsats, og ein velfortent 5.plass!
Ellen Marie Hole, trener for j13.