Nibberittet: Per Steinar for 12. gong
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jun 2012
Linga på toppen etter endt tur.
Skal ein tru arrangøren sine lister debuterte Per Steinar Linga i Nibberittet (ca 21 kilometer med stigning på 1500 høgdemeter) i 2001. Tida den gongen var 1.42.23
Elleve år seinare – og rimelegvis elleve år eldre - sykla Per Steinar drygt 20 minutt raskare. Tida i 2012 vart nemleg 1.22.07.
Her er den imponerande rekkja, og legg spesielt merke kor mykje han gjekk ned tidsmessig dei fyrste åra:
2001: 1.42.23
2002: 1.31.04
2003: 1.22.49
2004: 1.27.29
2005: 1.22.41
2006: 1.24.09
2007: 1.16.47
2008: 1.17.20
2009: 1.17.49
2010: 1.18.48
2011: 1.18.46
2012: 1.22.07