Brubyggjarane med Torgeir i spissen

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Jun 2012

Torgeir Vikstad, med hjelparane Håkon Fedt og Fridtjof Fredriksen, brukte ikkje lange stunda på å byggje ny bru over Juvelva. Ei bru som går inn som del av prosjektet Dalaråsa.

   

Det skal i denne samanheng nemnast at Sverre Liaskar før brubyggjinga bygde ein ny vegstubb, og med hjelp av maskina hans fekk ein stolpane som dannar grunnlaget for brua med lettheit på plass over elva. Takka vere den nye vegstubben kunne ein køyre med traktor heilt fram til elva.

   

Planen er at Dalaråsa skal halde fram på andre sida av elva, og knytast saman med den eksisterande vegen gjennom Holemarka like nedanfor Myrdalssvingane. Det står att noko skogrydding før denne delen av prosjektet kan fullførast.