Kjenner nokon dette paret
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Jun 2012
Vi traff han på toppen av Dalsnibba og han spurde korleis det stod til på Hole. I unge dagar var dette ein Lamann (Lademann), og han var på toppen av Dalsnibba fordi han venta på kona. Ho deltok nemleg i Nibbeløpet 21.
Vi røper at kona heiter Oddfrid, ho representerer Pulsen bedriftsidrettslag. Ho nådde toppen på 2.47.19. Det heldt til andreplass i klasse 55-59 år.
No er det på tide å røpe mannen sitt namn. Det er ingen
anna enn Svein Liaskar, som trødde sine barnesko i Velledalen og gjekk både på Brøvoll skule og Velledalen skule på Dalemyra.
Oddfrid er ivrig mosjonist. Ho har mellom anna delteke i Fjellsæterrunden, også då med Svein som støttespelar på «sidelina». Slik skal det vere !