Opp på Bruna

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jun 2012

Klokka 11.00 – Påmeldinga starter for dei som ikkje har meldt seg på via epost. Vi prøver også å sende av gårde dei som ønsker å vere med i familieklassa/turklassa. Deltakarar i denne klassa velger sjølv om dei vil betale for å vere med.

   

Klokka 12.00 – Konkurranseklassa/trimklassa starter.

   

Alle som er under 12 år, deltek gratis uansett klassa. Deltakarar som ønsker tidtaking, og som er over 12 år, kostar det 50,- for. For denne summen får ein startnummer, tidtaking, og gratis pølse med brød på toppen.

   

Vi oppfordrer alle til å ta turen til Brune(Høgda) denne dagen for å skape stemning for løparane. Dess fleire, dess bedre! Det blir drikkestasjon undervegs. Det blir også muligheit for å kjøpe seg pølse med brød og drikke på toppen. Turen er godt egna for alle frå 3-100 år! Løpet er ca. 2,5km langt, og om lag 340 høgdemeter.

   

For konkurranseløparar/trimmarar som ønsker å melde seg på, eller få meir informasjon, send melding til Jo André Tandstad på:

  joandret@gmail.com

   

NB: Løpet er ein del av dei årvisse Straumgjerdsdagane. Verdt å ta turen innom, då det også blir felles frokost, andeslepp og grilling på Slettegjerde(fotballstadion) seinare på dag. Vel møtt!

   

   

For Straumgjerde VEL/Velledalen IL


Jo André Tandstad