Rekord i St Olavsloppet
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Jun 2012
Arrangøren melder at det blir deltakarrekord i den 25. utgåva av St.loppet. Heile 191 lag er påmeldt, noko som betyr at for fyrste gong vil over 6000 løparar ta del i folkefesten mellom Trondheim og Østersund.
Mellom desse er altså Alf Petter Bø som spring for RindalsTroll. Dei har to lag i eliteklassa , eitt i mosjon og eitt damelag.
30.juni arrangerer St Olavsloppet jubileumsfest på Rica Nidelven Hotell med dans og konsert med SWIKS.
For dei som måtte lure betyr dette at Alf Petter ikkje er aktuell på Velledalen IL sitt lag under Sykkylven Rundt den 30.juni