Ragnhild Fjærestad i Suten Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2012
Arkiv Konradløpet 2007
Dette er eit nytt motbakkeløp, arrangert for fyrste gong i Vik i Sogn pinselaurdag. Debutløpet samla god deltaking med 50 på tid og 96 i trimklassa. Av dei 50 på tid var det høg kvinnedeltaking (30-20 i favør menn).
Ragnhild Fjærestad fekk tida 30.46. Beste kvinne uansett klasse vart Lina Rivedal, Gular IL, med 24.22. Raskaste herre vart Lars Erik Skjervheim, Voss IL, med 17.54
Det store spørsmålet etter denne reportasjen vil i Velledalen sikkert vere:
Kvar var vår mann i Vik i Sogn, Morten Holmberg…..?
Vi ventar å få svar på spørsmålet i løpet av dagen.
Tips i saka kan sendast til:
atlehole@online.no