Jo André opp Blåfelden
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2012
Blåfelden rett opp er ikkje mellom dei lengste motbakkeløpa, men det er tøft nok. 842 høgdemeter skal forserast i løpet av 4,38 kilometer.
Løpet samla heile 209 løparar i trimklassa, men berre 36 konkurranseløparar – sju kvinner og 29 menn. Arve Rindal frå Eid IL (mannen som vann det fyrste Konrad Extrem) var raskast av samtlege med tida 42.05. I kvinneklasse vart det sett ny løyperekord då Therese Sjursen kom inn til finfine 45.55
Jo André deltok i den største klassa, 23-39 år. Med tida 54.15 vart han nummer fire av sju deltakarar. Med andre ord midtmann på resultatlista. Det vert meldt om perfekte forhold under løpet som vart arrangert av Syvde IL.
Slik var rapporten frå Jo Andrè:
Flott dag på Syvde igår! Løpet starta på flata ut frå sentrum, men etter kring 500 meter barst det rett oppover, i ein 800 høgdemeters bakke som eg vil samanligne med bakken opp mot Koppen, berre lengre. I villfarelsen om morgonen hadde eg gløymt å lade opp mobilen som eg har musikken på, men fann heldigvis ein gammal mp3-spelar eg kunne bruke. Denne inneheldt noko hard musikk som tydeligvis hjalp godt opp gjennom bakken, eg la meg i eit felt med to andre eg visste omtrent nivået på, og klarte å halde dei til topps. På toppen av bakken var det gravd ut eit spor i snøen som vi skulle springe i, det kunne nesten følast som vi var komne til himmels! Den gang ei, vi var berre komne opp på egga, og fulgte denne bortover eit stykke før det flata ut mot mål. Heilt inn mot målstreken knakk eg to motstandarar, ein fantastisk følelse på ein dag litt vel varm og solrik. Såg mest ut som ein hummar når eg var komen heim.
Svært fornøgd med både løpet og tida, og det viser seg at den kampen mot gravitasjonen som eg har køyrt ei stund no, hjelper på :) Godt fornøgd med å havne kun 10 minutt etter ein av dei store motbakkeheltane, Oddbjørn Hjelmeset. No er det fullt fokus mot neste helg og Varden opp!
Jo André