Fornebuløpet onsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Mai 2012

Onsdag 23.mai vert Fornebuløpet arrangert. Eit høgt akta arrangement som trekkjer mange deltakarar. Distansen er ti kilometer. Velledalen IL vert representert med Jens Christian Hole. Holhynen fortel fylgjande om løpet:


- Eg debuterte i fjor. I år skal eg gjere det betre. Målet er ei tid på 45 minutt, det vil seie ei kilometertid på 4.30. Og du må vere klar over ein ting; dette er eit stort løp. Ja, det er vel det største som skjer på den sida i Bærum.


VIL-Nett ynskjer Jens alt godt på turen og kjem tilbake med resultatet når det heile er over.