Generalforsamling i 1912
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2012
Frå møteprotokollen finn vi referert at generalforsamlinga dette året vart halde i Heimhug den 13. januar. Vi siterer:
«Til valg paa nyt styre. Dei valgte blev:
Peter P. Velle 8 stemmer
Andr. J. Lade 7 stemmer
J. A. Hole 7 stemmer
Ole J. Velle 7 stemmer
L.L. Hole 5 stemmer
Valg paa formand: Lars L. Hole med 3 stemmer.
Val paa kaserar: Peter P. Velle
med 2 stemmer, med lodtrækning med J. A. Hole
Suplianterne er:
1.
Peter L. Hole med 5 stemmer
2.
L. O. Hole med 4 stemmer
3.
Edv. J. Velle med 3 stemmer»
Truleg må frammøte ha vore labert med så lave stemmetal. Ved avstemminga på nytt styre har ein truleg skulle sett fem namn på stemmesetelen, medan ein berre har skrive eitt namn ved val av «formand». Det kan i alle fall vere ei forklaring på stemmetala frå eit årsmøte som truleg maksimalt har samla ti personar.
Ein «supliant» går vi ut frå er det same som vararepresentant.
PS: Har nokon gamalt idrettslagsstoff vil vi gjerne ha dette levert til sekretær Ove Skylstad eller leiar Atle Hole.