KM-tittel til Hilde på 400 meter
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Mai 2012
arkivfoto frå Koldabakken grand prix
-
Eg har ikkje konkurrert på kring eitt og eit halv år. Greitt å vere i gang igjen. Tida var ikkje all verda, noko ein heller ikkje kunne vente etter ein månad med sjukdom, kunne Hilde melde til VIL-nett etter løpet
i dag.
Sjukdom gjorde nemleg at ho måtte stå over Konradløpet. Men ho deltok i Koldabakken Grand Prix og sette der ny løyperekord for jenter med tida 2.01.
-
I dag gjekk det greitt halve distansen, men eg vart svært stiv mot slutten. Tida vart 67 sekund, som er tre og eit halvt sekund bak personleg rekord. Tidsmessig er der meir å hente med meir trening og fleire konkurransar, meinte Hilde.
KM-tittelen på Midsund var Hilde sin femte for Velledalen IL. I 2009 vart ho KM-vinnar på 800 meter innandørs og 7-kamp utandørs. I 2010 vart ho KM-vinnar utandørs både på 800 og 400 meter.
Berre alpinisten Ann Kristin Fet har like mange KM-titlar for Velledalen IL på jentesida. Og mellom gutar/menn er det berre Bjørn Asle Lade som har fleire individuelle KM-titlar.
Pinsehelga er det Dimnaleikane som står for tur. Vi håper at fleire enn Hilde stiller der.