95 sekund opp Koldabakken

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2012

Løyperekorden er altså 95 sekund, eller sagt på ein anna måte; eitt minutt og 35 sekund. Det er fort. Eivind og Per Steinar delte fyrsteplassen med denne tida i 2009. Året etter tangerte Widar Fure tida med Eivind sekundet bak.

  I 2011 var ingen av topptrioen på deltakarlista. Då vart Svein Arne Nakken vinnar – og einaste under to minutt - på 1.56. Christina Holmberg var raskaste jente i fjor med tida 2.23.

   

Måndag 14. mai håper vi mange vil teste eige mjølkesyrenivået opp bakken i den fjerde Grand Prix-utgåva. Ein av dei store «snakkisane» etter 2011-løpet var at ingen av gutane ved Velledalen skule prøvde seg i løpet. Tre jenter frå skulen deltok og Velledalen Naturbarnehage var representert med like mange. Tandstad skule var óg representert på gutesida. Vi håper velledalsgutane vil revansjere seg kraftig i morgon.

   

PS. Løypa er ferdig merka. Dei som vil teste seg dagen før har anledning til det