Stian og Nancy i Eikenosa Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Mai 2012
I alt 95 deltakarar er fin ny deltakarrekord. 19 starta i trimklassa utan tidtaking, 57 i klassa for herrar og 19 kvinner. Løpet startar frå kaia i Eikenosvågen, er 4,5 kilometer lang og med ei samla stigning på nær 300 meter.
Jan Ketil Vinnes vart totalvinnar med tida 20.16, som er ny løyperekord. Nærast kom Øystein Halvorsen og Jon Are Stavås. Stian Mork gjorde ein fin figur med 23 plass med tida 24.22, for øvrig på plassen bak strandaren Bjørn Brune som gjorde det bra i Konradløpet.
Tonje Brande vann kvinneklassa på 24.00, også det ny løyperekord. Ho fekk hardast konkurranse av Matea Lervåg (25.51) og Anne Berit Støyva (26.37). Nancy Eggen, nummer tre i Konradløpet, tok ein flott femteplass på den sterke tida 28.02