17 11 GRASROTKRONER I APRIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2012
Truleg har det med påska å gjere. April i fjor gav 1573 kroner inn på konto, som var årets svakaste månad., Så langt er april 2012 svakast hittil med 1711 kroner, men vi får gled oss over ein framgang på 138 kroner frå tilsvarande månad i fjor.
Norsk Tipping betalar no ut for årets fire fyrste månadar. Kasserar Asgeir vil få 8002 kroner for denne perioden. Same periode i fjor gav til samanlikning 7274 kroner. Vi kan definitivt ikkje klage.
Ved utgangen av april hadde VIL 76 grasrotspelarar «i stallen». På same tid i fjor var talet 75.
Vi finn det likevel rett å melde at vi miste éin like etter Konradløpet, slik at talet på grasrotspelarar i skrivande stund er 75.
Velledalen IL rettar med dette stor takk til samtlege som støttar opp om laget sitt arbeid med å «donere» den frivillige 5-prosenten til Velledalen IL