Uavgjort for fyrste gong.

Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Mai 2012

Etter intens teljing vart fordelinga mellom menn og kvinner 169-169 dette året.


Vi melde i går at det såg ut til å gå mot 170-168 i mennene sin favør. Finteljinga viste imidlertid at vi hadde notert Aigul Saktanbekova som mann, men ho er sjølvsagt dame. Dermed vart det éin person i avgang for mannfolka,éin i tilgang for kvinnene slik at det enda 169-169. Sikkert like greitt.


At eit lokalt idrettsarrangement samlar 169 mannfolk med nummer på brystet er langt frå spesielt. 169 kvinner i same arrangement er det berre Jentebølgen som slår på lokalt hald. Og dei slår talet soleklart. Valderløpet samla 400 i 2012, i år stiva vi dei med 450.


Når det gjeld gutar/jenter i Minikonrad er det ikkje gjort teljingar. Det vil heller ikkje bli gjort. Arrangøren er godt nøgd med deltakinga, bortsett frå på ungdomsskulesteget.