Klausbrauta knekte Bøe
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2012
Alf Petter hadde skumle planar for løpet og gjekk ut i ryggen på Martin Hauge-Nilsen som vart nummer tre. Diverre vart løpet kort for Alf Petter denne vakre 1.mai-dagen. Brått rakna det, og med muskelbrest i venstre legg måtte alle ambisjonar leggjast på is. Alf Petter spaserte til mål
-
Ergeleg, men slik er det. Eg hadde planar om å delta i Ålesund halvmaraton (eit løp Konrad Brunstad óg deltok i fleire gonger) den 12. mai, men det er no berre å skrinleggje, seier Alf Petter som mellom anna vil nytte sykkel i restitusjonsarbeidet.
Vi håper Alf Petter snart er tilbake, men Koldabakken Grand Prix (13.mai) rekk han ikkje