Arrangørtabba øydela for Velledalen skule
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2012
Like etter starten hadde gått
fekk funksjonærane auge på Sigrid Ulset Lade og Bjørnar Akselvoll på meieribrua. I høg fart i håp om å ta att det tapte. Dei passerte startstreken nøyaktig 30 sekund etter det øvrige feltet. Løpet var sjølvsagt spolert for begge to, som under Minikonrad 2011 var på Velledalen skule sitt vinnarlag saman med Simon Skylstad Hole.
I år var konkurransen hardare. Mellom anna med skarpskodde løparar frå Ringstad skule på Stranda. Velledalslaget hadde uansett ikkje vunne dette året, men truleg hadde dei hatt pallplassen inne. Velledalen skule sitt lag enda på fjerdeplass, og desse løparane vart teljande dette året:
William Hansen
4.48
Snorre Drabløs 5.12
Oda Brunstad 5.13
Laga som slo Velledalen skule var Ringstad skule, Ullavik skule 1 og Ullavik skule 2