Deltakarrekord i Minikonrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Apr 2012
Den gamle rekorden lydde på 96 deltakarar
Vi kjem tilbake med fullstendig resultatliste seinare, men her er beste jente og beste gut for dei med tidtaking:
2001: Kasper Alnes Bonesm 4.28 og Tonje Velle Utgård 5.08
2000: Martin Kaland 4.16 og Karoline Kurseth 5.06
1999: Sondre Overvoll Hole 3.40 og Johanne Kurseth 4.57
1998: Michiko Salazar 5.35
1996: Solveig Beate Brunstad 4.13
Beste tremannslag for klassene 5.- 6.- og 7. klasse vart Ringstad skule ved trioen Sondre Overvoll Hole (3.40), Glenn Randen (4.03) og Åsta Løfald (5.24), som gav ei samla tid på 13.07. Ullavik skule kom på andreplass med trioen Martin Kaland (4.16), Thomas Haram Carlsen (4.20) og Johanne Kurseth (4.57). Samla tid 13.33
Om deltakinga var imponerande på barneskule- og barnehagenivå, var den tilsvarande skremande laber på ungdomsskuletrinnet. Ingen gut såg seg syn med å delta denne gongen. Solveig Beate Brunstad imponerte i årsklasse 1996. Tida 4.13 var det berre to gutar som straffa, og ho var i særklasse best mellom jentene.
Flott levert, Solveig!!
Det kjem meir stoff og fullstendig resultatliste seinare